EI HELSING TIL SPKL. ROLLON FRÅ NEDST VED BORDET HER I SØR - SUDAN

Postet av SPKL Rollon den 13. Mai 2025

Det siste året har eg hatt den meiningsfulle oppgåva å arbeide for FN her i Sør-Sudan. Før påske kom ei omtenksam mor i Rollon med to heile draksett som eg kunne ta med meg i bagasjen. Årsaka var visstnok ei mindre endring på sponsorsida, eit klistremerke altså, men den velkjende logoen til Sparebanken Møre er med vidare, og den gjer seg like godt i tropene som i Larsgården. 

Berre 150 meter frå kjøleskapsdøra mi, på andre sida av piggtrådgjerdet, ligg det to flyktningleirar med høvesvis 65 000 og 25 000 internt fordrivne flyktningar – IDP camp 1 og 3 (Internal Displaced Persons). 

Sør-Sudan er diverre igjen på full fart inn i borgarkrig, ein trist realitet som har prega landet meir eller mindre sidan kolonitida tok slutt på 50-talet. Etter ei periode med ein slags fred sidan 2013, har konflikta teke seg kraftig opp etter jul i år. 

Dei minste borna som bur her, er fødde og oppvaksne i flyktningleiren og kjenner ikkje til noko anna liv. Både born og vaksne er heilt prisgjevne hjelp frå verdssamfunnet for å få mat, klede, tryggleik og «tak» over hovudet – som oftast i form av ei enkel presenning. 

Denne livssituasjonen skaper diverre grobotn for at konfliktane skal halde fram, og små, sårbare gutar risikerer å verte sinte menn altfor tidleg.

Frå mitt trygge reir har eg hatt gleda av å sjå ut mot ei lita fotballbane. Der har Sindmangre Zounga frå Burkina Faso, ein politimann som eg arbeidar saman med, engasjert seg heilhjarta saman med Jack frå flyktningleiren. Dei arrangerer fotballtrening tre gonger i veka, til stor glede for borna. Mi eiga fotballfaglege ekspertise er avgrensa, så eg har stort sett halde meg på sidelinja. Der har eg bidrege med å syte for at alle får like mykje speletid og at det ikkje vert for mykje favorisering av enkelte spelarar – eit område der norske foreldre nok er i verdstoppen!

Og for ein flott start på veka det vart! Måndagens trening klokka 08.00 i IDP camp 1 vart ekstra spesiell då eg kunne dele ut to heile draksett, pent sortert, pakka og klargjort for G8-laget i «Sportsklubben IDP1». 

Det er ingen løyndom at mykje som kjem hit til leirane er tilfeldig og ofte i dårleg stand. Difor betyr det å ha heile, like, reine og pent bretta drakter utruleg mykje meir enn ein kanskje skulle tru.

Og med splitters nye drakter er det allereie lyst ut lokalderby mot IDP Camp 3 allereie i morgon kl. 1530, det blir ein rysare av ein kamp !

Då stiller smårtassane med 11 spelarar på full bane, og dei gir absolutt alt dei har i den steikande varmen på +37 grader her ved ekvator. Innsatsen står det ikkje på, anten dei spelar barføtt eller i crocks. 


Trenar Jack var utruleg takksam, nesten så det blir litt flaut for meg. Men vi passar på at det er Jack som får organisere dette og får skine litt ekstra. Vi andre får heller vere dei som bidreg i kulissane.

Og ungane? Ja, dei vart akkurat like stolte som våre eigne born vert når dei får si aller første lagdrakt.

Så tusen hjarteleg takk for at eg fekk gå charmøretappa

Med venleg helsing frå Sør-Sudan,

Oscar




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.